Årets Forelesar

Publisert: 13. Mai 2015 18:09. Sist endret: 17. September 2015 23:10.

Tysdag blei den årlege prisen til Årets Forelesar delt ut på Tyholt. Det vart Bjørnar Pettersen som kunne tusle tilbake på kontoret med krus, diplom, rosande ord frå ein fersk Formann og kake i magen. Det viste seg at kake til 150 personar måtte rekke til nærare 200 som følgje av Blæstesjefen sin formidable innsats. Med kantina full, kaffikannene tomme og kakebordet skrapa, var det god stemning blant studentane mens dei traska tilbake til eksamenslesing på sal og kontor. Sjekk ut bilda frå arrangementet i bildegalleriet!